Kapitel 1

IUA SOGN OG SUNNFJORD

ADMINISTRATIV DEL




1.2 SAMARBEIDSAVTALE MED VEDTEKTER



I.Delegering av mynde til Interkommunalt Utvalg mot Akutt forureining (IUA) region Sogn og Sunnfjord

Kommunen sine plikter etter § 43 og mynde etter § 47 i forureiningslova delegerast med heimel i Lov av 25.09.92 om kommuner og fylkeskommuner §27 med dette til IUA Sogn og Sunnfjord.  Delegasjonen fritek ikke kommunen for det sjølvstendige ansvar som er gitt etter forureiningslova.

II. Vedtekter

§1. Formål


Samarbeidet skal sette eigarkommunane i stand til å møte krava til kommunal beredskap mot akutt forureining.  Samarbeidet skal gje eigarkommunane den mest kostnadseffektive beredskap.

Samarbeidsavtalen beskriv kva for fullmaktar IUA Sogn og Sunnfjord er gitt av dei deltakande kommunar for å ivareta beredskapen mot akutt forureining etter forureiningslova.


Interkommunal beredskap mot akutt forureining for region Sogn og Sunnfjord er etablert i samsvar med “Lov om vern mot forurensinger og om avfall” av 13. mars 1981, nr. 6 med tilhøyrande føresegner. Det interkommunale samarbeidet er i samsvar med Statens forureiningstilsyn (SFT) og Direktoratet for Samfunnsikkerhet og Beredskap (DSB) sine anbefalingar.


§ 2. Virkeområde



Beredskapsplanen omfattar følgjande 16 kommunar i Sogn og Sunnfjord:

1401           Flora kommune

1416           Høyanger kommune

1417           Vik kommune

1418           Balestrand  kommune

1419           Leikanger   kommune

1420           Sogndal      kommune

1421           Aurland      kommune

1422           Lærdal       kommune

1424           Årdal         kommune

1426           Luster       kommune

1428           Askvoll       kommune

1429           Fjaler        kommune

1430           Gaular       kommune

1431          Jølster      kommune

1432          Førde        kommune

1433          Naustdal    kommune

 



Regionen dekkar delar av Sogn & Fjordane Politidistrikt. Regionen har ca 70.000 innbyggarar og har eit flateareal på 13.240 km2.


Planen gjeld for land, vassdrag og sjøområder inntil 4 nautiske mil frå grunnlinja. Beredskaps- og aksjonsplikta gjeld innanfor dei vanlege kommunale grenser.


§ 3.  Organisering



Årsmøtet

Årsmøtet i IUA Sogn og Sunnfjord rapporterar til deltakarkommunane og Kystverkets Beredskapsavd.

Årsmøtet er overordna beredskapsstyret

Årsmøtet vedtek budsjett og planar for komande periode og behandlar beredskapsstyret sin årsrapport og regnskap.

Alle kommuner er representert med 1- en - stemme hver.


Medlemmar i aksjonsleiinga som ikkje er årsmøtedelegater, kan delta med talerett, men vil ikkje ha stemmerett.


Beredskapsstyret

Beredskapsstyret skal ivareta kommunane si beredskapsplikt og skal ha 5 representantar. Beredskapsstyret erstattar ikkje kommunen si eiga plikt til å ha ein beredskap for å bekjempe mindre akutt forureining innan eigen kommune.

Beredskapsstyret skal vere deltakarkommunane sit administrative og utførande organ i beredskapsarbeidet. Beredskapsstyret skal påsjå at aksjonsleiinga er opplært og øvd til å ha den strategiske leiinga ved aksjoner mot akutt forureining.

Beredskapsstyret har overordna ansvar for planlegging, gjennomføring og rapportering, herunder finansiering, årsbudsjett og årsrapport. 


Beredskapsstyret har ansvar for at det til ei kvar tid føreligg ein teneleg beredskapsplan, og at denne reviderast ved behov, minst kvart 4. år. 

Beredskapsstyret skal påsjå at personell- og utstyrsressursane er tilstrekkeleg i høve til skadepotensialet i regionen, herunder at personellet blir gitt naudsynt utdanning og øving samt får moglegheiter til å dyktiggjere seg slik at beredskapsorganisasjonen kan løyse sine oppgåver.




Sekretariatet er tillagt Flora brannvesen.


IUA Sogn og Sunnfjord region sitt beredskapsstyre skal vere samansatt slik:


Med røysterett:

leiar:Brannsjefen i Flora kommune.

nestleiar:Brannsjefen i Sogn Brann & Redning IKS.

medlemm:Brannsjefen i Førde kommune.

medlem:Valgt representant frå deltakarkommunane i Sogn.

medlem:Valgt representant frå deltakarkommunane i Sunnfjord.


Representantar frå deltakar kommunane blir valgt for 2 år, nyvalg i partallsår. Årsmøtet vel valnemnd for perioder på 4 år, 2014, 2018, osb.


Aksjonsleiinga

Aksjonsleiinga skal vere det utøvande organ ved større ulukker. Aksjonsleiinga er ved IUA aksjonar delegert beredskapsstyret mynde. Grunna medlemmane i beredskapsstyret er spredt i heile regionen,  vil det ta for lang tid å samle styret ved ei større ulukke. Aksjonsleiinga vil bestå av fagpersonar frå nærområdet Florø, som skal vere opplært og øvd til slik teneste. Brannsjefen i Flora vil vere aksjonsleiar.


§ 4.  Årsplaner og årsrapporter



Forslag til budsjett utarbeides til styremøte ca 1/9. og sendes deretter ut til alle kommuner på høring. Kommunene gis minst 4 ukers tid til å komme med kommentarer. Budsjettet behandles så på styremøte  ca 1/ 12 og legges frem til vedtak på årsmøtet innen utgangen av Mars påfølgende år.

Årsmelding og aktivitetsplaner legges frem for behandling på årsmøtet.







 

§ 5.  Økonomi



Beredskapen skal betalast/finansierast av deltakarkommunane etter følgjande prinsipp:


Årlege driftsutgifter for regionen fordelast etter folketalet.  Fordelingsnøkkelen justerast kvart 5. år, år 2012 - 2017 osv.


Kommunen dekker IUA sine utgifter til beredskapen i høve til kommunen sitt innbyggartal.

I


Regnskapet skal førast av Flora kommune og reviderast av Flora Kommune sitt faste revisjonsystem.  Alle billag skal kontrollerast og tilvisast av IUA. Leiar har tilvisingsmynde. Likvide midler skal stå på høgrentekonto i den bank Flora kommune samarbeidar med.


Lett utstyr i den einskilde kommune:

Eigenandelen dekkast av kvar einkelt kommune.


Investering i tungt utstyr land/vassdrag:

Eigarkommunane hefter kollektivt for låneopptak som delfinansiering av tungt utstyr plassert i depot i Sogndal, Førde og Florø og eventuelle andre stader som vedtakast.


Kompetanseutvikling:

Utgifter til generell kompetanseutvikling dekkast av kvar enkelt kommune.  Utgifter til spesiell kompetanseutvikling dekkast av regionen etter styrevedtak.


§ 6.  Eigedomsrett til materiell



Fellesmateriell som er anskaffa i samband med tidlegare og framtidig interkommunal beredskap er deltakande kommunar sin felles eigendom.  Utstyr utover dette er den einskilde kommune sin eiendom.



§ 7.  Godkjenning av beredskapsplanen



Avtalen er betinga av at beredskapsplanen er godkjent av Kystverkets Beredskapsavd.


§ 8.  Avtalens varighet og vesentlige endringer



Avtalen er ikke tidsavgrensa.  Den kan seiast opp etter vedtak i formannskap/kommunestyre.  Oppseiingstida er 6 månader, og oppseiinga gjeld frå 1. januar påfølgande år.  Avtalen kan reforhandlast dersom ein av kommunene (formannskap/kommunestyre) krev det.


Dersom det blir naudsynt å endre beredskapsplanens virkeområde eller omfanget i vesentlig grad, skal slike endringer gjerast ved tilleggsavtalar eller fornya avtale.



Denne avtalen er skrive i 2 eksemplarar, kor eit eksemplar behaldast av kommunen, og eit eksemplar arkiverast ved beredskapssekretariatet.  Avtaleteksten er gjengitt i beredskapsplanen.





Avtalen er godkjent av ....................kommune/bystyre  dato:.................. sak nr................





...................................................................................

Sted/datoSted/dato




..................................................................................

OrdførerLeiar beredskapsstyret IUA

 

Sogn og Sunnfjord region

Copyright ©Geir Sagevik