Kapitel 4

IUA SOGN OG SUNNFJORD


4.0    Økonomi



4.1Årsbudsjett


Det interkommunale beredskapsstyret sett kvart år opp budsjettforslag for komande år.  Forslaget oversendast kommunane i god tid for å komme med i den ordinære budsjett¬handsaminga i kommunane, Se § 4 i Vedtekter


4.1.1 Forslag til budsjett


Eige skriv blir sendt kommune.


4.1.2 Kostnadsfordeling


Utgiftsfordelingen er beregna ut frå folketalet pr. 01.04.97. Utgiftene er satt til 4 kr. pr. innbyggar. (Korrigert til Kr 5,- f.o.m. med 2011) Alle områda innan regionen er vurdert likt, og ein finn ikkje grunn til å veie dei einskilde områda mot kvarandre grunna risikofaren.

Kostnadsfordelinga kan endrast av årsmøtet.


4.2 Anvisningsmyndighet


Anvisningsmynde under større aksjonar tilligg primært formannen i det inter¬kommu-nale beredskapsstyret, men kan delegerast til nestleiar, aksjonsleiar eller skade¬steds-leiar.  Formannen eller hans stadfortredar har fullmakt til å iverksette naudsynte tiltak innanfor dei økonomiske rammer som er gitt for beredskapen.


4.3 Revisjon


Regnskapet reviderast av Flora Kommune sitt revisjonselskap.


4.4 Utgifter til aksjonar/garantier (eige regnskap)


Skadevoldar er i prinsippet ansvarleg for alle utgifter som forårsakast ved akutt forureining.  Det kan oppstå situasjonar som gjer at erstatning ikkje kan oppnåast p.g.a.:

•Skadevoldar er ukjent eller kan ikkje oppsporast.

•Skadevoldar er ikkje betalingsdyktig.

 

•Skadevoldar er heilt eller delvis skadefri av juridiske grunnar, t.d. grunna sjølovgivninga sine begrensningsreglar.

•Skadevoldar påvisar at utgiftene er urimelege i høve til den fare for skade som førelåg då aksjonen blei sett i verk.


Ved aksjoner mot akutt forureining som utvilsomt skyldast ordinær verksomheit innan kommunen sine grenser, kan det gjevast økonomiske garantiar for kommunen sine utgifter dersom dei overstig kr. 3,- pr. innbyggar pr. sølsituasjon det aksjonerast mot. Ved beregning av kommunen sine utgifter takast det omsyn til kostnader ved bruk av eige personell og materiell.


Staten kan ved større aksjonar gje økonomiske garantiar/forskuttere kommunane sine  kostnader i samband med aksjonar.


Dersom statlege midler er bevilga til aksjonen, skal KV regler for godtgjersle og konto¬plan for aksjoner følgjst. Det visas i den samanheng til KV sitt brev datert 4.10.95 om “tilståelse av økonomiske garantier i forbindelse aksjoner mot akutt forurensning”. Føring av regnskap under aksjonar skal skje etter kontoplan godkjent av KV (sjå vedlegg).


Kommunane v/aksjonsleiinga må vurdere nødvendigheita av dei aktuelle tiltak og påsjå at kost¬nadene står i rimeleg forhold til dei skadar tiltaka tek sikte på å avverge.  I tvilstilfelle, og når situasjonen tillet det, skal aksjonsleiinga rådføre seg med skadevoldar/assurandør eller KV, slik at kommunene kan få refundert sine utgifter.  Før endelig dekning gjevast av staten, må kommunane i rimelig grad ha dokumentert at det ikkje er mogleg å få dekning frå skadevoldar.


Tvil om kven som skal bere kostnadane må ikkje utsette eventuell aksjon.


ADMINISTRATIV DEL

Copyright ©Geir Sagevik