Kapitel 3

IUA SOGN OG SUNNFJORD


Kapittel 3 Den interkommunale beredskapsorganisasjonen


       


Formell organisering

        















 

 



3.1 Årsmøte


På årsmøtet for IUA møter ordførar eller den han bemyndigar, frå kvar kommune.

Årsmøtet vedtek budsjett og planar for komande periode og behandler Beredskapsstyret sin årsrapport.


3.2 Beredskapsstyret



Beredskapsstyret skal ivareta eigarkommunane si beredskapsplikt.

Brannsjefen i Flora er leiar.  Eigarkommunane er representert i beredskapsstyret.


Beredskapsstyret har overordna ansvar for planlegging, gjennomføring og rapportering, herunder finansiering, årsbudsjett og årsrapport.  Styret har ansvar for at det til eikvar tid føreligg ein teneleg beredskapsplan, og at denne reviderast ved behov, minst hvert 4. år.  Styret skal påsjå at personell- og utstyrsressursane er tilstrekkelege i høve til skadepotensialet i regionen, herunder at personellet blir gitt naudsynt utdanning og får moglegheit til å perfeksjonere seg slik at beredskapsorganisasjonen kan løyse sine oppgaver. Aksjonsleiinga er  Beredskapstyrets operative organ som trer sammen ved aksjonar. Sjå forøvrig pkt. 3.4. om opplæring og øvingar.


For at IUA beredskapen skal fungere effektivt er det naudsynt:

•at enkeltkommunane og private virksomheiter sine beredskapsplanar samordnast for å kunne koordinere innsatsen når oppgava er større enn det den einskilde kommune eller virksomheit kan klare


•at samarbeidet med statlige- og private organisasjoner innan området  akutt forureinsningsberedskap etablerast og utviklast. Det er spesielt viktig at IUA beredskapsplanen er harmonisert med SFT sin beredskapsplan slik at samarbeidet kan fungere effektivt ved store aksjonar.


3.3 Vertskommune


Sekretariatet som er tillagt Flora brannvesen har følgjande oppgåver:

Administrativt:

- legge til rette for naudsynt møteverksomheit i beredskapsstyret

- bidra med sekretærhjelp ved utarbeiding og revisjon av beredskapsplan

- ajourføre beredskapsplanen

- føre regnskap

- utarbeide forslag til årsplan med årsbudsjett

- utarbeide forslag til årsrapport med årsregnskap

 

- samordne eigarkommunane sin verksomheit når det gjeld utstyr

- samordne eigarkommunane sin verksomheit når det gjeld kompetanseutvikling

Operative:

- aksjonere på vegne av regionen. Gjeld også depot Førde,  Sogndal og Lærdal.

- gje operativ bistand til kommunane.


3.4 Opplæring/øvingar



Beredskapen i regionen skal øvast minimum ein gong pr år. Øvinga leggast opp slik at tema for øvinga endrast fra år til år..


Personell som er tilknytta Aksjonsleiinga og kommunane sin beredskapsorganisasjon, skal gjevast naudsynt opplæring  for å fylle sin funksjon i beredskapen. Denne kompetansen skal vedlikeholdast og oppdaterast, t.d. ved oppfriskningskurs eller øvingar. Nøkkelpersonell på ulike nivåer i organisasjonen skal gjevast den naudsynte formelle og praktiske kompetanse ved kurs/opplæring spesielt innretta for dette føremål..


3.5 Ansvar og oppgaver



3.5.1 Brannvesen, havnevesen og politi

Aksjonsplikt - Kommunen har plikt til å aksjonere ved akutt forureining i sin kommune. Dersom uhellet er av ein slik storleik at kommunen sjølv ikkje taklar den, har IUA Sogn og Sunnfjord plikt til å aksjonere.


Beredskapsplikt - Kommunen er ansvarleg for å ha ein førsteinnsats beredskap som står i høve til den risiko som føreligg i kommunen. IUA Sogn og Sunnfjord er ansvarleg for å ha ein beredskap som står i høve til den risiko som føreligg i regionen. Eksempel: lekkasje i 3000 liter nedgravd oljetank, er situasjonar som kommunen sjølv må kunne takle.


Bistandsplikt - Alle kommunar og IUA har plikt til å bistå ved ulukkessituasjoner jfr. Lov om brannvern med tilhøyrande føresegner.


Lokalt brannvesen

Brannvesenet vil normalt lede aksjonar mot akutt forureining på land og sjø i sin eigen kommune. Brannvesenet vil planlegge innsats, herunder anskaffing, lagring og vedlikehald av materiell samt opplæring og øving av eige personell.



 



Depot brannvesen (Førde, Lærdal og Sogndal)

Brannvesenet vil normalt lede aksjonar mot akutt forureining på land og sjø i regionen. Brannvesenet vil planlegge innsats, herunder lagring og vedlikehald av materiell.Opplæring og øving av eige personell samt anskaffing av utstyr m.v. skal samordnast med vertsbrannvesenet og andre som inngår i beredskapen.


Verts brannvesen (Flora)

Brannvesenet vil normalt lede aksjonar mot akutt forureining på land og sjø i regionen.  Brannvesenet vil planlegge innsats, herunder anskaffing, lagring og vedlikehald av materiell samt opplæring og øving av personell i regionen.  Planlegging m.v. skal samordnast med hamne¬vesenet og andre som inngår i beredskapen.


Alarmsentralen i Sogn og Fjordane 110

Sentralen skal motta varsling om akutt forureining og varsle vidare i høve til

varslingsplan. Ved etablering av IUA aksjonsleiing skal alarmsentralen stå for

sambandstenesta.


Politi

Politiet forutsettes i ivareta sine oppgåver etter de gjeldande reglar og bestemmingar for politimynde.  Politiet sine pliktar under aksjonar vil normalt vere dei same som ved branntilfelle.  Ved kombinerte rednings- og forurensnings¬aksjonar vil det vere politimeistaren i vedkommande politidistrikt som har aksjons¬leiinga.


Copyright ©Geir Sagevik